Vi ønskjer at Kulturhuset Gamlebanken skal vere ein kunstformidlar i Nordfjord, det vil ein vere ved og presentere ulike kunstuttrykk frå kunstnarar. Ulik billedkunst, foto, glas og kunsthandverk.
Opera Nordfjord har kontor i 3.etg. Her møtes dei store operastjernene og dei frivillige i operaen. Det er òg her operasjefen legg føringane for komande forestillingar i Opera Nordfjord.
I samarbeid med Eid Kommune har vi turisinformasjon i sommarhalvåret, med turistvertar i to månader frå 15. Juni til 15.august. Malakoff Rockfestival leiger kontor i huset, og er base for salg av effektar, vår og sommar. Kulturhuset Gamlebanken er i tillegg "Festivalkontor" i forkant av festivalen.